Aftenposten - Bakgrunn/Kommentar

Oppdatert: 11. mars 1996 kl. 13:19

Kronikk, lørdag 9. mars


Frå Martin Luther til velferdsstat?

BERGE FURRE

I dag, 450 år etter Martin Luthers død: Har vi meir att enn namnet på ei kyrkje? Kanskje mykje meir. Kanskje ein sermerkt velferdsstat? spør professor og tidlegare stortingsrepresentant Berge Furre, som skriv at Castberg, Nygaardsvold og Gerhardsen ikkje strekk til når fedrane til den norske velferdsmodellen skal kallast fram. - Her har vi å gjera med lange liner i vår historie.

Den "nordiske" og særleg den norske statsmodell har som kjenneteikn stor tillit til det offentlege si evne til å organisera rammene om borgarane sitt helsevern, sosiale tryggleik, utdanning og religiøse og moralske liv. Eit temmeleg einskapleg helsestell, trygdesystem, skulestell og kyrkjeskipnad vitnar om det. Privat helsestell, private skular og "private" trussamfunn har spela ei nærast marginal rolle - iallfall til no. Og tilliten til det offentlege har vore langt sterkare enn tilliten til frivillig verksemd eller marknaden.

Kontrasten til dei større statane på kontinentet er lett å sjå. Velferdsstatar er dei, men annleis samanlodda enn vår:

Frankrike med den djupe kløyvinga mellom eit sekulært og eit katolsk skulestell. Tyskland der gigantiske private velferdsorganisasjonar med katolsk, protestantisk og sosialdemokratisk farge spelar ei vesentleg rolle blant anna i sjukehusstellet. I Italia der den katolske kyrkja er sterkt inne i dei fleste tunge sektorar av samfunnslivet. Balansen mellom privat og offentleg ligg heilt andre stader enn hjå oss.

Under vår eigen EU-strid vart vi kjende med omgrepet subsidiaritet. Det kjendest så nært når Gro omsette med "nærhetsprinsippet", men det vart fjernare da samanhengen med den katolske statslæra kom for dagen, med pavens rundskriv om sosialpolitikken, Rerum novarum i 1891 og quadragesimo anno i 1931: Sosiale problem skal fyrst møtast med innsats av den einskilde sjølv, dinest av familiens omsorg, så av privat frivillig hjelpearbeid, deretter forsikringsordningar. Fyrst når alt dette ikkje strekk til, bør stat og kommune koma inn - sist i rekka.

Biskop Berggrav lanserte liknande tankar i vårt land etter krigen da han ottast det totalitære ved velferdsstaten: "Livsgruppene", familien, kyrkjelyden, diakonien, den frivillige organisasjon skulle i fronten for å tryggja velferden - med det offentlege i bakgrunnen. Slik kunne samfunnet bli varmare og menneska mindre prega av krav. Berggravs syn vann ikkje fram. Velferdsstaten med eit einskapleg system for trygder, helsestell og utdanning vart etter kvart eit felles prosjekt der alle parti tevla om å vera best. Med folketrygda i 1966 var byggverket fullført av eit samla storting. Sjølv om marknadstru, nedskjeringsmani og nyliberalisme fekk vind i segla på åttitalet under trykket av dei store tal, ser det ut til at vinden etter kvart har snudd - og at "den norske modellen" har stor styrke i opinionen.

Eg trur ikkje dette er tilfeldig. Dei historiske røtene er djupe. Castberg, Nygaardsvold og Gerhardsen strekker ikkje til når fedrane til den norske velferdsmodellen skal kallast fram. Her har vi å gjera med lange liner i vår historie. Slitesterke feller dei seg ned i mentalitet og institusjonar, som nok skifter ham, tilpassar seg nye vilkår, men som i røynda endrar seg svært langsamt.

Kanskje ei rot er å finna hjå Luther. Hans lære er at Gud verkar i verda gjennom to "regiment", to "styre" - det åndelege og det verdslege, som ikkje må blandast saman. Gjennom det fyrste vert ordet forkynt "gjennom hvilket menneskene skal blive fromme og rettferdige" til frelse. Gjennom det andre skal lov og gjerningar gjelda og såleis halda oppe verda og den ytre rettferd mot det vonde. Der rår den verdslege makt, fyrsten - med "sverdet" - idet han lyder Guds lov. Begge regiment er altså uttrykk for Guds gjerning i kjærleik, hans reiskapar i kampen mot djevelen og synda. Regimenta vert haldne saman i menneskets "kall" til frelse og til den jordiske gjerning.

Evangeliet skulle forkynnast i fridom, og fyrsten var kalla til ansvar for å verna den fridomen. Etter kvart vann den tanke fram at fyrsten var ansvarleg for undersåttane både når det galdt det åndelege og det timelege vel: Han vart øvste verdslege herre - "øvste biskop". I den utviklinga har statskyrkja sitt utgangspunkt.

Medan reformasjonen i Tyskland og til dels i Danmark hadde eit folkeleg grunnlag, var det annleis i vårt land. Ingen hadde bede om nokon reformasjon. Han vart eit politisk overgrep. Kongen i København overtok kyrkja sine eigedomar saman med siste rest av norsk sjølvstende. Så fekk han betre råd til å betala gjeld og finansiera krigsmakta. Han sette seg i pavens stad som "øvste biskop" og gjorde gradvis presteskapet til sitt lydige embetsverk. Klostera med skular og lærdomssentra vart borte saman med den fattigomsorg kyrkja kunne driva med sine eigedomar. Kulturelle band til Europa vart skorne over. Kyrkjer vart ribba for kunstverk og anna av verdi. Prestane måtte skifta tru eller forsvinna. Hundre år etter var det framleis berre 270 lokalgeistlege i heile landet - ein brøkdel av det som hadde vore. Kulturelt og religiøst var reformasjonen i fyrste omgang lenge ein katastrofe.

Einveldet frå 1660 gjorde Danmark-Noreg - og særleg den norske delen - til ein av dei mest sentraliserte statar i Europa. All makt - verdsleg og geistleg - låg i prinsippet hjå kongen. Her var ingen sjølvstendig kyrkje til å balansera kongens makt som det hadde vore i mellomalderen. Den gamle adel vart sett utanfor maktsirklane. Dei mektige i bygd og by vart etter kvart kongens embetsmenn. Og den talrikaste flokken av embetsmenn som almugen fekk mest med å gjera, var prestane. Dei vart kongens styrande arm inn i lokalsamfunnet - minst like mykje kongens embetsmann som Guds.

Sundag stod Guds og kongens embetsmann på preikestolen mellom Gud og menneske og tala ned over kyrkjebenker der soknefolket sat i sosial rangorden: Den fornemste garden fremst - med ættenamn på benken. Så dei hine bakover - nærast etter matrikkelskyld. Fattigfolk, lauskarar og ugifte kvinner bakerst.

Gudstenesta stadfeste den sosiale orden i bygda. Både det åndelege og verdslege regimente var til stades i presten. Han forkynte Guds ord, preika om lydnad mot Gud og styremakt, og las opp kongens forordningar frå preikestolen.

Og prestens verdslege plikter vart mange - blant anna for den tids "velferd", eit rudimentært fattigstell i Christian Vs norske lov av 1687, fastare ut over 1700-talet med presten som leidde ein fattigkommisjon. Med konfirmasjonsforordninga frå 1736 skulle alle læra lesa og kunna Pontoppidans forklaring. Også det var prestens ansvar - liksom han vart formann i skulekommisjonane da dei kom. Og han registrerte fødsel, ekteskap og død. Pontoppidans forklaring batt saman gudsfrykt og lydnad mot øverheita og var lærebok for alle konfirmantar i "sandhed til Gudfrygtighed" i 150 år. Å kunna svar på dei 757 spørsmål var vilkåret for å tre inn i det vaksne liv med yrke og familie. Presten avgjorde kven som "slapp fram" - ein mektig posisjon.

Likevel var ikkje skule- og fattigstell eigedomen til ei suveren kyrkje. Det var statens lov. Difor kunne begge deler utviklast på meir sekulært grunnlag i nye fattiglover og nye skulelover inn i førre hundreår. Der fanst inga kyrkje på vakt mot statens makt som i katolske og til dels reformerte land. For presteskapet var statens embetsverk - eit religionsvesen jamsides eit justisvesen og eit militærvesen.

Da det lokale sjølvstyret vart lovfest i 1837, var det prestegjeldsinndelinga som gav grunnlaget for kommunalskipnaden. Framleis var presten den sentrale leiar for skule og fattigstell - liksom han avvikla stortingsval i kyrkja. Men han var statens prest.

Systemet var autoritært og hierarkisk. Likevel hadde nok almugen sterkare rettar mot øverheita enn i svært mange andre land også på 1700-talet, og dei verka som ei motvekt mot embetsveldet. Styremakta visste at gjekk ho for langt, kunne det bli uro - og det var ofte uro. Kristian Lofthus var eit døme. Hans Nielsen Hauge eit anna.

Da einveldet vart avvikla til fordel for grunnlov, folkesuverenitet og lovgjevande storting i 1814, var det eitt område der eidsvollsmennen let einveldet stå: Framleis skulle kongen "anordne al Gudstjeneste". Einskapen av konge og kyrkje var ein kjerne i staten og ein føresetnad for folks lydnad og samhald i staten - som ikkje skulle rørast.

Og det skulle visa seg ut over i førre hundreår og inn i vårt at denne stat gradvis kunne sekulariserast utan kamp med ei mektig katolsk kyrkja som i Frankrike, og utvikla felles velferd utan konkurrerande konfesjonelle korporasjonar som i Tyskland og greia seg utan ei kyrkje som kravde sitt i "konkordat" med staten som i Italia.

Staten har ikkje hatt "konkurrentar" i vår historie. Liberale straumdrag har vore sterke både i næringsliv og kulturliv, men ikkje som statsfiendslege ideologiar. Ein initiativrik stat i samvirke med entreprenørar og korporasjonar har vore synleg frå embetsmannstat til sosialdemokrati. Og det kapitalsterke borgarskap - i den grad slikt fanst - har rent til staten etter hjelp når tevlingsklimaet vart hardt. Og dei intellektuelle samfunnskritikarar har stort sett vore statsbetalte - og visst det.

Var så forholdet berre harmoni? Langt ifrå. Tre store opprørsbylgjer er særleg synlege: Hans Nielsen Hauges religiøse opprør mot presteskapet kring 1800 som skaka berebjelkane i einveldet og embetstat. Bøndene i siste del av førre hundreår som skaffa seg allierte nok til å riva ned restane av den personlege kongemakt og den sjølvsupplerande embetsregjering. Og arbeidarrørsla som vart revolusjonær ei tid og vende seg mot den borgarstyrte konstitusjon og ville ha proletariatets diktatur og rådsforfatning.

Hauge la ned sitt opprør etter mange år i fengsel: I "Testamente til hans venner" forkynte han kompromisset - lekmannsverksemd i lojalitet mot statsembetet.

Oppgjerda i 1880-åra enda også med eit kompromiss og mykje av embetsstyret vart ståande - vengeklipt med stortingsbaserte statsrådar.

Og det sosialistiske opprør i tjueåra vart til det Rune Slagstad kallar "Gerhardsens ekspertokrati" i etterkrigsåra - slett ikkje så ulikt einveldets ide om ansvar for borgarane, men no med folkeleg basis. Tru om ikkje Brofoss ville funne seg rimeleg vel med Luthers ord om mennesket i det verdslege samfunnet:

"Det er både sant og visst at fornuften er det viktigste av alt; det beste i sammenligning med alle ting i dette liv, og faktisk noe guddommelig. Det er den som har funnet opp og styrer alle kunster, medisinen, jusen og alt det menneskene er i besiddelse av i dette liv når det gjelder visdom, makt, dyktighet og ære . . . Dette er en herskerposisjon som Gud etter Adams fall ikke har tatt fra fornuften, men snarere stadfestet."


[Innhold] [Info] [Aftenposten hjemmeside] [Bakgrunn/Kommentar hovedside]