Aftenposten Interaktiv
Navigasjonsfelt

Tekstnavigering

Oppdatert: 21. august 1998 kl. 10:37

Kronikk, fredag 21. august


Begynte dansketiden på 500-talet?

Alle dei skandinaviske nasjonane og dei nordiske språka er truleg resultat av ein militær og kulturell ekspansjon frå Danmark. Denne teorien til den norske språkforskaren Håkon Melberg fortener nærmare analyse og diskusjon, skriv førsteamanuensis Arne Torp ved Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap ved Universitetet i Oslo. Norske forskarar har vist ingen interesse for Melbergs verk, påpeikar han.

ARNE TORP

I 1953 kom det ut eit verk på ikkje mindre enn 951 sider under tittelen Origin of the Scandinavian Nations and Languages. Forfattaren var nordmannen Håkon Melberg (1911-1990). Den sentrale tesen i verket er den at alle dei skandinaviske nasjonane og dei nordiske språka er resultat av ein militær og kulturell ekspansjon frå sør, nærmare bestemt det området som i dag heiter Danmark.

Om dette verket skreiv den velkjende danske språkmannen Poul Diderichsen i eit privat brev til forfattaren, datert 5. august 1953, m.a. dette:
"Jeg er netop blevet færdig med den første gennemlæsning af Deres store værk om danerne, og skynder mig at takke Dem (. . .) for den oplevelse det har været at følge Deres fremstilling. En sådan stringens i metoden, en så energisk gennemført explicitering af hele argumentasjonen er jo en sjældenhed i den filologiske litteratur, og virker derfor meget stærkt, når man møder den. Man vil næppe i fremtidige undersøgelser over folke- og sprognavne slippe godt fra at overse det teoretiske grundlag De har givet. Mest spændende har det dog været at følge, hvordan de utallige upåagtede detailler i lyset af Deres teori får klar mening."

Jamvel om dette altså er skrive i eit privat brev til forfattaren, kan det likevel ikkje vere tvil om at Diderichsen vurderte Melbergs bok som eit seriøst vitskapleg arbeid. Men han hadde nok samtidig ei kjensle av at Melberg kunne få problem med å få teoriane sine godkjende, for litt seinare i brevet skriv han dette:
"Det vil nok tage sin tid, før folk får tænkt sine tanker om på det nye grundlag De har skabt. Det er jo et mægtigt revisionsarbejde De tvinger os alle ind i. Men hvis dette arbejde ikke vil blive udgangspunkt for en frugtbar diskussion, så er de nordiske filologer virkelig endnu mere træge, end man i almindelighet anser dem for at være (hvilket ikke er så ganske lidt)".

Nokon "frugtbar diskussion" blei det verken den gongen eller seinare; sjølv hadde eg aldri hørt om Melberg eller teorien hans før eg blei tipsa i fjor av ein kollega innanfor eit heilt anna fagområde, og mine fagfellar visste like lite som eg. Den einaste faglege reaksjonen eg har klart å oppdrive, er ei melding i tidsskriftet Danske studier 1953 (s. 118-121), skriven av den danske germanisten Louis L. Hammerich, som konkluderer med at "hovedtesen kan ikke være rigtig". Melbergs hypotese er også nemnd i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder under oppslagsordet "dansk tunge", der den danske språkhistorikeren Peter Skautrup omtalar teorien som "alm. bestridt".

Dei to trykte faglege fråsegnene om Melbergs teori konkluderer altså begge negativt, og begge er skrivne av danskar. Så vidt eg kjenner til, har ingen norsk forskar nokon gong uttala seg om teorien i det heile, trass i at boka faktisk er skriven her i landet av ein nordmann. Kva grunnen til dette kan vere, skal eg ikkje spekulere i her, men eg synes Melberg kunne ha god grunn til å kjenne seg både såra og vonbroten over denne øyredøyvande togna frå sine eigne landsmenn, når det han faktisk seier at han vil invitere til med boka, er fagleg debatt kring teorien.

Den debatten kom altså ikkje; den nemnde meldinga av Hammerich må karakteriserast meir som avvising enn imøtegåing. Det kan derfor vere god grunn til å sjå nærmare på denne boka, som Hammerich kalla eit monumentalt verk, utan skygge av ironiske undertonar.

Det er velkjent at islendingane så langt attende som ein har skriftlege kjelder og fram til utpå 1300-talet ofte kalla morsmålet sitt dansk tunge , trass i at språket på Island og i Danmark alt den gongen må ha vore temmeleg forskjellig. Det er heller ingen tvil om at islendingane i all hovudsak ættar frå Norge, spesielt Vestlandet.

Den allment godtekne forklaringa på dette er at denne nemninga først blei brukt av framande folk - spesielt angelsaksarane. I England var det nemleg stort sett danske vikingar som dominerte, jf. namnet Danelagen om det området dei nordiske vikingane la under seg. Men ettersom det også var både nordmenn og folk som seinare drog til Island mellom desse nordbuarane, og sidan språket deira frå angelsaksisk synspunkt tyktes vere det same, kalla angelsaksarane alt nordisk språk for dansk, og denne språkbruken blei seinare også teken opp av vikingane sjølve, også dei som ikkje rekna seg som danar, som var det gamle namnet på innbyggjarane i Danmark.

Denne språkbruken finn vi m.a. hos den vidgjetne sogeskrivaren Snorre Sturlason (1179-1241), som fleire stader bruker uttrykket dansk tunge om språket i alle dei nordiske landa, trass i at korkje han eller andre islendingar ville rekne seg som danar. Likevel kalla han altså det språket han tala og skreiv, for dansk. Dette kan sjå ut som eit mysterium, men dersom vi tenkjer etter, kan vi finne mange parallellar til denslags språkbruk også i moderne tid, utan at det er andre folk som har "funne på" namnet. Ein amerikanar frå USA vil t.d. kalle språket sitt engelsk, og ikkje amerikansk, men han vil aldri rekne seg som engelskmann.

Etnisk identitet og språk er altså to ulike ting. Likevel er det klart at her også finst ein samanheng. Det er nemleg ikkje tilfeldig at språket i USA blir kalla engelsk - dette namnet vitnar om ei velkjend kolonisering av engelskmenn, akkurat som namnet England i sin tur fortel om ei endå tidlegare kolonisering av Storbritannia, der m.a. folk frå halvøya Angeln må ha vore med.

På nøyaktig tilsvarande måte hevdar Melberg det har seg med dansk tunge brukt om språket på Island på 1200-talet. Frå ca. år 200 e. Kr. skal danane etter kvart ha lagt under seg heile Skandinavia, og krona på verket sette ein viss kong Frode og vasallen hans Eirik den ordsløge kring midten av 500-talet. Desse to hovdingene hevdar han er opphavet til uttrykket frodefreden, som Snorre både i Heimskringla og i Skaldskaparmål omtalar som ein fredsperiode i ei fjern fortid, og til den mystiske tradisjonen Eriksgatan, som gjeld eit spesielt ritual i samband med hyllinga av ein ny konge i Sverige.

Denne teorien byggjer Melberg på data frå ei mengd ulike fagfelt: historiske kjeldeskrifter, mytar og segner, stadnamn, etnologi, lingvistikk, arkeologi osv. Personleg er eg på ingen måte i stand til å vurdere grunnlaget for alt det Melberg hevdar i det store verket sitt. Men så langt mine kunnskapar og mi vurderingsevne strekkjer seg, har eg ikkje oppdaga synberre mistak eller feiltolkningar.

Det som eg først og fremst synest er spennande med teorien til Melberg, er det at han gir eit enkelt og overtydande svar på noko som i mange år har stått som litt av ei gåte for meg innanfor nordisk språkvitskap. Så vidt eg kjenner til, er den vanlege læra i dag den at dei språklege forfedrane til dei folka som snakkar det vi i dag kallar nordiske språk, kom hit til Skandinavia kring 500 år f.Kr.

Dersom det er sant, og dersom dei då har budd nokolunde i fred og ro i dette området heile denne tida, så er det litt av ei gåte at det, så vidt vi veit, ikkje viser seg ein einaste dialektskilnad dei første tusen åra, medan det i dei neste fem hundre åra kjem opp ei mengd til dels svært tydelege skilnader. Dette er rett og slett så gåtefullt at det knapt kan vere sant; eitt eller anna må ha hendt.

Dersom Melberg har rett, er gåta løyst: Alt som måtte ha eksistert av språk- og dialektgrenser før frodefreden på 500-talet, er rett og slett utradert, og dei nordiske skilnadene vi finn i dag, er altså yngre enn dette. Historisk sett snakkar folk altså framleis "dansk tunge" fra Island til Danmark, jamvel om ingen lenger ville finne på å kalle t.d. islandsk og dansk for det same språket.

Fagfolk innanfor dei felta som Melberg er innom i boka si, burde gjere seg kjende med dette verket og vurdere det fordomsfritt i høve til det som er kjent i dag. Kanskje vil det i så fall vise seg at Melberg tok feil på vesentlege punkt; kanskje også på det avgjerande punktet: Kanskje skjedde det aldri noka massiv innvandring av danar i Norge og Sverige.

For å sitere dei siste linjene i verket (i litt fri omsetjing):

"Saka er grei. Anten gjorde danane dette, eller så gjorde dei det ikkje. Dersom ein vil hevde at dei norske og svenske nasjonane og språka har vakse fram på ein annan måte enn slik det er framstilt her, kan dette berre gjerast ved regulær og eksplisitt tilbakevisning av teorien ovanfor."

Så vidt eg veit, har ennå ingen for alvor prøvd å tilbakevise Melbergs teori. Kanskje tida er inne til å prøve?


Utgiver: Aftenposten A/S, Akersgaten 51, 0180 Oslo. Ansvarlig redaktør Einar Hanseid.
Henvendelser angående denne tjenesten rettes til webmaster@aftenposten.no.

Copyright © 1997 Aftenposten.