| NYHETER MENINGER KULTUR ALEX ANNONSER SØK INFO | www.aftenposten.no | ||
|
||||||||||
|
|
|
|
|
|||||||
|
Vår sosialt konstruerte risikokultur Den nye stortingsmeldinga om friluftsliv gir oss høve til å reflektere litt rundt haldninga vår til risikoåtferd av ymse slag. Mykje tyder på at tvisynet - at noko som er destruktivt i ein samanheng, er legitimt i ein annan - har ein felles klangbotn i vår sosialt konstruerte risikokultur.
Tryggleik og sikkerheit i kvardagen ynskjer vi alle, og kanskje er det noko av det viktigaste i velferdssamfunnet vårt. Men samstundes søkjer mange spaning og risiko, anten det er bykset frå den høge fjellknausen, aksjegambling eller råkøyring. På nokre arenaer er dette legitim åtferd, på andre blir det sett på som destruktivt. Om dette skriv Rune Krumsvik i dag. Han er cand. scient. og høgskulelektor i idrett ved Høgskulen i Volda.
Dei engelske sosiologane Norbert Elias og Eric Dunning avdekkja på 1970-talet det tilsynelatande paradokset at folk i større og større grad søkte spaning og risikoåtferd i kvardagen. Bakgrunnen for dette meinte dei var å finne i eit stadig meir stereotypt og keisamt samfunn, basert på moderniteten sin tanke om kontroll, tryggleik, velferd og struktur. Saman med den amerikanske forskaren Zuckerman si erkjenning om at ca. 10 prosent av befolkninga har eit sterkare spaningsbehov enn folk flest, har Elias og Dunning sitt postulat vorte meir og meir gjeldande utover 1990-talet også i Noreg. Stortingsmelding nr. 39 "Friluftsliv - ein veg til høgare livskvalitet" tek omsyn til dette forskingsgrunnlaget og slår fast at særskilt ungdomen har behov for spaning. Samfunnet må leggje til rette for dette m.a. i friluftslivet, slik at ikkje søkinga etter spaning blir teken ut ved å råkøyre med bil o.l. Likevel er avstanden mellom ideal og realitet framleis stor, og vår kollektive oppfatning av kva som er rett og gale i høve til risiko og spaning, er framleis diskutabel.
Stortingsmeldinga om friluftslivet har ein gjennomgåande inkluderande bodskap om at alle kan dyrke friluftslivet ut frå føresetnader, behov og interesse. Implisitt i dette ligg det ei nærast eksistensiell erkjenning om at friluftslivet kan bidra med å betre livskvaliteten for folk flest. Alt, frå den stille skogsturen til fart og spaning ned elvar i raftingflåte, skal det vere rom for i friluftslivet i framtida. Bakgrunnen for dette er nettopp det relativt omfattande forskingsgrunnlaget som syner at vi menneske har eit genetisk betinga stimulibehov, som er sterkare hjå nokon enn hos folk flest. Dette gjer at ein del søkjer det meir spaningsorienterte friluftslivet (rafting, klatring, "offpiste"), medan andre finn den rolege skogsturen attraktiv. Det er også verdt å merke seg at Norsk Monitor si gransking syner at heile 23 prosent av ungdomen i Noreg er ". . . villig til å ta sjanser for å få det ut av livet jeg ønsker". Stortingsmeldinga peiker difor på at ungdomen krev spaning og at det spaningsorienterte friluftslivet kan vere ein arena som kan stette dette behovet, og som ein bieffekt hindre dei frå å søkje spaning i trafikken, småkriminalitet og rusmisbruk. Stortingsmeldinga understrekar også eit viktig og ofte mistydd moment når ein drøftar spaningsorienert friluftsliv, nemleg at det skal leggjast til rette for at ungdom kan få dekt sine behov for spanande aktiviteter innanfor friluftsliv utan at dette skal vere til skade for dei sjølv eller andre. Med andre ord: ingen ynskjer å skade seg, og ingen ynskjer at andre skal skade seg i det spaningsorienterte friluftslivet. Det tilsynelatende paradokset kan faktisk vere at desse aktivitetane kan verke "skadeførebyggande" dersom det kan hindre ungdom i å ta ut spaningsbehovet sitt i trafikken.
Andre delar av stortingsmeldinga tek opp born sin aukande passivitet og polstra barndom, som følgje av eit overdrive risikofokus. Nyare granskingar viser faktisk at herding i barneåra er viktig for å kunne takle stress og motgang i vaksen alder. Implisitt i denne erkjenninga ligg det faktum at vi må ta stilling til risiko som fenomen i vår åtferd både i kvardagslivet generelt og i leik, kroppsøving/idrett og friluftsliv. Dette er eit kjensleladd område fordi risikoomgrepet i dag har ein negativ klang i samfunnet vårt. Ein av dei som har gripe tak i risikoomgrepet og freista å operasjonalisere det, er den tyske sosiologen Ulrich Beck. Med boka "Risikosamfunnet" skapte han ei ny forståing av risiko i det moderne samfunn. Saman med sosiologane Anthony Giddens og Niklas Luhmann har Beck bidrege til ein omfattande samfunnsdebatt om risikopersepsjon i det postindustrielle samfunn. Beck meinar at vi i vår iver etter meir tryggleik faktisk produserer risiko og utryggleik i vårt høgmoderne samfunn. Paradoksalt nok er desse risikoane her konsekvensen av alle vitskaplege freistnader på å kontrollere og minske desse. Dette gir seg utslag i alt frå drivhuseffekt til vår virtuelle utvikling med m.a. "hacking" som uønska bieffekt.
Stortingsmeldinga nyanserer dette biletet og trekkjer fram dei konstruktive sidene ved å vere i naturen og tidvis lære å takle risiko. Naturen inneheld nemleg eit eldorado av sansestimuli som gir born og ungdom ein betre risikopersepsjon og ein viktig ballast for livet. Born som får høve til å ferdast i naturen, får mange gode og spanande naturopplevingar, og dei utviklar god motorisk dugleik. Minst like viktig er at dei gjennom eigne erfaringar gjer seg kjent med utfordringar og farar. Det er faktisk dei tryggleiksprega "TV-borna" som er mest utsette for ulykker. Bakgrunnen for dette er at denne gruppa nettopp manglar allsidig sansestimulering og eigne erfaringar med å meistre eigen kropp, utfordringar og farar. Dette gjer dei særskilt sårbare i situasjoner der det er naudsynt å takle dette. Mykje tyder difor på at vi i framtida vil møte ei veksande gruppe vaksne utan naudsynt motorisk og opplevingsmessig ballast, som bokstaveleg tala "snublar" både i stressmeistring, bevegelse og i trafikken. Slik sett kan dei mest tryggleiksorienterte i dag bli ei "risikogruppe" i framtida.
Vår kulturelle haldning til risikopersepsjon seier altså noko om kva vi meinar er farleg og kva vi meinar er ufarleg. Lele-folket i Kongo held til i eit område som er heimsøkt av dødelege tropesjukdomar, men er aller mest redd for å blir treft av lynnedslag sjølv om dette skjer uhyre sjeldan. Mange vil nok seie at dette er irrasjonell frykt som baserer seg meir på overtru enn på vit, men den syner oss at einkvar risiko er sosialt konstruert i den gitte kulturen. Slik er det også i vår kultur. Dette dannar også basisen for våre haldningar til kva som er legitim versus ikkje legitim åtferd i kvardagen. I dette biletet ser ein at det sterke risikofokuset fører til at både leiken, kroppsøvinga/idretten og friluftslivet slit for sin legitimitet i samfunnsdebatten. Risikofokuset blir gong på gong løfta fram som nærast eit uoverkommeleg problem som øydelegg denne legitimiteten. Dette synast å bli forsterka gjennom media sitt tidvise tabloide søkjelys på dette området. Desse oppfatningane er lette å internalisere for folk flest, dersom ein ikkje søkjer meir djuptgåande kjelder. Gjer ein det, vil ein finne at det er få område der ein ser ei slik udiskutabel tverrfagleg semje om helsemessig vinst som nettopp i leik, kroppsøving/idrett og friluftsliv. Stortingsmeldinga om friluftslivet grip tak i desse positive dimensjonane og freistar å nyansere biletet av risiko og dermed bidra til ein mer objektiv kulturell risikopersepsjon som både kan ha politisk og allmenn interesse.
Vil desse oppfatningane endre seg i framtida, når vi alle veit at uhell framleis vil skje, på leikeplassen, i gymtimen, i friluftslivet, i heimen, i trafikken osv.? Det kan endre seg dersom ein erkjennar at uansett kalkyler, uansett berekningar og forholdsreglar, sikring og dobbeltsikring, så vil der alltid vere ein "tilfeldig varians" - ein risiko for at ein ikkje kan forutsjå absolutt alt til ei kvar tid. Dette er ei erkjenning som saman med ein meir balansert kollektiv risikopersepsjon bør få større plass i vår sosialt konstruerte risikokultur. Då vil også spørsmålet om legitim åtferd versus ikkje legitim åtferd bli meir objektivt framstilt, og dei verkeleg omfattande risikoarenaene kan det då setjast søkjelys på.
Stortingsmeldinga "Friluftsliv - ein veg til høgare livskvalitet" speglar samfunnsutviklinga og nyanserer biletet av spaning og risiko, samt at den grip tak i dei positive dimensjonane ved desse omgrepa. Dette kan på sikt minske avstanden mellom ideal og realitet i samfunnsdebatten, slik at spaningsorientert friluftsliv får ein mer legitim plass i vår kultur og i kampen mot destruktive spaningsarenaer som råkøyring med bil, småkriminalitet og rusmisbruk. Dette kan også endre vår sosialt konstruerte risikokultur til noko meir nyansert, inkluderande og allmenngyldig enn den er i dag, slik at fleire oppdagar at friluftslivet faktisk er
ein veg til høgare livskvalitet.
|
||||||||||
|
Utgiver:
|
||