Annonse
   NYHETER    MENINGER    KULTUR    ALEX    ANNONSER    SØK    INFO www.aftenposten.no   
MENINGER
Kommentarer
Debattcentralen
  Norge
  Verden
  Kultur
  Digitalt
  Filosofen
  Diverse
TIPS EN VENN

Fra:

Til:

 
 Forside / meninger / kronikk Scandinavian Online

Oppdatert 14.02.99 kl. 00:09

Eit uventa come-back for Gud?

Av
ANDREAS SKARTVEIT


Etter å ha levd i dekning, jaget vekk av fornuften og materialismen i modernitetens århundre, er religion uventet på vei tilbake i de vestlige samfunn - til mennesker som trodde og proklamerte at Gud var død. Også i de nordiske land gjør kristendommen seg stadig mer gjeldende. Jesus og hans menneskesyn, den kristne sosialetikken, er i ferd med å bli referanse og støtte i et nyliberalt, nykapitalistisk samfunn, skriver forlagsmann Andreas Skartveit.

Det har gått til attars med Gud dei siste hundreåra. Det kan diskuterast når nedgangen starta. Kanskje var det då førsokratikarane byrja å stille spørsmål om korleis verda og naturen var laga og hang saman. Dei gamle naturmytene, som på ulike vis hadde regjert verda over, vart utfordra, og det viste seg at dei ikkje kunne stå seg mot det kunnskapens lys dei greske filosofane byrja å spreie.

I vår kultur regjerte vår allmektige Gud lenge over naturen, frå ormen i støvet til den lysande stjerna på nattehimmelen, over historia, frå Edens hage til Det nye Jerusalem, og over kvart einskild menneske, frå unnfanging til den siste dommen. Verda var ordna, og Gud var ordensmannen.

Grekarane slepte farlege krefter laus, krefter som over tid kom til å truge denne maktposisjonen. Dei stilte nærgåande spørsmål om kva verda igrunnen var, og dei utvikla teknikkar til å samle og analysere kunnskap.

Over tid vart dette dramatisk. Då Kopernikus hadde fått gjennomslag for sine tankar, vart Guds himmel over oss borte, og likeeins Helvete under oss. Begge måtte flytte, og begge har sidan streva med å få fast adresse. Darwin og andre dreiv Gud ut av naturen. Han trongst ikkje lenger for å forklare det vi såg rundt oss, og det som hadde skjedd før vi kom. Lenge prøvde mange å berge ein plass for Gud i Historia. Det siste store forsøket var det vel Hegel som gjorde. Han gjorde Verdsånda til Guds styrande hand.

Marx overtok ein del av Hegels tankar, men han slengde Gud på skraphaugen. Historia var horisontal og menneskeskapt. Vi skulle til det klasselause samfunnet, ikkje til Det nye Jerusalem. Sidan hamna både Marx og det klasselause samfunnet hans på den same skraphaugen, der dei no ligg, ved sida av den gamle Gud. I dag er det få som vil meine noko om kvar historia skal med oss. Tanken om at Historia skal avsluttast med ein siste dom, har ved teknologien fått ny aktualitet. Det blir i så fall ein dom utan utsikter til gullgater og eit nytt Jerusalem. Verda starta utan mennesket, og ho vil slutte utan mennesket, er det ein som har sagt.

Gud og hans folk prøvde å bite frå seg, men dei tapte dei fleste slag, sjølv om det kunne gå hardt og vilt for seg, både med bål og brann og det som verre var. Mennesket og menneskets kunnskap brøyta seg fram, og overtok Guds plass meir og meir. Til slutt gjekk det så langt at menneske utfordra Gud, direkte, ansikt til ansikt. Dei nekta rett og slett for at han fanst, og om han fanst, burde han avskaffast. Knus den elendige, sa Voltaire. Religion er opium for folket, sa Marx. Opplysningsfilosofane skreiv ut den endelege dødsattesten. Den franske revolusjonen reiste bauta for fornuften, den nye guden, og dyrka henne.

Dette er det no fleire hundre år sidan. Fornuft, kunnskap og opplysning har hatt god tid på seg til å etablere seg i sine posisjonar, og har gjort det. Gud er taparen. Han er blitt privatisert, som så mykje anna, og det går nok langt færre bøner enn før opp mot Guds himmel, eller kvar det no er bøner skal.

Historia har tatt nye steg mot sitt ukjende mål. Gud har hatt si beste tid, og er tatt av banen, som så mykje anna. Han er gått ut av Historia, og inn i historiebøkene. Spelet er endra. Vi er åleine.

Kunnskapsutviklinga og fornuftsdyrkinga vart driven fram med stor iver og entusiasme. Vi skulle vite, forstå og få oversikt. Slagorda hagla: Kunnskap er makt, bokhylla er ein stige, mot nye horisontar.

I dag veit vi meir enn nokon gong om universet. Men vi veit også at det er meir enn nokon gong vi ikkje veit. Og vi veit at det er meir enn nokon gong vi aldri får vite. Det universet vi lever i, er langt meir mysteriøst og ubegripeleg enn det førkopernikanske. Tida og rommet er ikkje det vi trudde det var, våre grunnleggjande omgrep går i oppløysing. Vi ser ikkje det vi ser, sansane våre lurer oss. Vi kan ikkje stole korkje på sansane eller omgrepa våre. Vi er meir framande i Pascals endelause rom enn nokon gong. Det førkopernikanske universet, med sine kvelvingar, med Gud over og djevelen under, var trygt, oversikteleg og greitt. Vi visste kvar vi var. Det veit vi knapt lenger.

No er vi også i ferd med å avlure naturen hennar minste og mest intime kunnskapar, om arvelover og gener, om partiklar så små at ingen har sett dei, eller kjem til å få sjå dei. Og medan naturen har styrt seg sjølv gjennom uendelege tider, eventuelt saman med Gud den tid han rådde, er vi no i ferd med å gå inn i styringsmekanismane hennar og avsløre dei, for sidan å leggje handa på rattet og styre sjølv. No kan vi hjelpe naturen med det naturlege utvalet, som naturen har brukt så lang tid på. Vi kan kutte svingar og få opp farten. Så flinke som dette har vi aldri vore.

Vi diskuterer nye spørsmål, vonde spørsmål. Enn så lenge opplever vi dei som vonde. Dei ligg gjerne rundt starten og avslutninga av livet, i grenselandet mot han vi aldri fekk kontroll med: Døden. Vi har herja med han, brukt all den kunnskapen vi har mot han, men han gir seg ikkje. Kor mykje kan vi snekre på eit foster? Og når har vi den kunnskapen som trengst for å slå fast at eit foster ikkje er verdt å bli født? Og når kan vi slå fast at eit liv er blitt uleveleg og ikkje verdt å leve, og difor kan avsluttast?

Mange svimlar ved dei spørsmåla den nye teknologien reiser, og kjem til å reise. Desse ufatteleg små tinga skremmer oss, for å vri på Pascal igjen.

Og ei gamal myte renn i tanken, når vi går og plagast med fruktene av vår eigen kunnskap. Myten om syndefallet. Dei gamle mytene er oppsamla, konsentrert kunnskap folk eingong hadde. Dei som hadde mytene og levde med dei, var annleis enn oss, men dei var ikkje dummare. Om de et av Kunnskapens tre, skal de bli som Gud, sa slangen, de skal kjenna skilnad på godt og vondt. Så gjorde dei det, og resten er historie.

Når vi no sit med hendene inne i livsmysteria og kan klusse med dei, og har gjort oss til grensevakter mellom liv og død, både ved inngangen og utgangen på livet, då har vi sett oss i det som var Guds stol, og då må vi kjenne skilnad på godt og vondt. Tidlegare var det naturen, eller Gud, som stelte med dette.

Det har nok alltid vore tungt og einsamt å vere Gud, det er vel det vi er i ferd med å oppdage, der vi sit og gneg på fruktene frå Kunnskapens tre. Det er inga hjelp å hente nokon stad. Vi er åleine. No er ansvaret vårt.

Den innsikta, oversikta og orden vi trudde kunnskapen, fornuften og opplysninga hadde lova oss, har vi ikkje funne. Vi opplever verda som framand, kald og uforståeleg, meir enn før til og med. All kunnskapen har berre auka vankunna vår, og skapt nye spørsmål. Lyset femner vidare, men vi ser at mørkret er større enn det var. Det vi ikkje veit, har aldri vore meir enn no. Og no veit vi at vi ikkje veit. Tidlegare tider visste ikkje det så sikkert.

Og dette skaper underlege og uventa tilstandar, ettersom mennesket er eit vesen som gjerne vil forstå, og som vil ha samanheng og meining i verda kring seg. Å leve i ei meiningslaus verd er kaldt og tungt. Og det var her religionane hadde sitt makelause tilbod. Dei gav heilskap og samanheng. Verda hadde ei byrjing og ei avslutning, det som hende på vegen hadde ei meining, også Døden. Moralen hadde ei forankring, og eingong skulle det haldast dom. Dette har ikkje opplysninga, kunnskapen og fornuften kunna skaffe fram.

Samanhengen, meininga og retninga er der ikkje, heller ikkje i politikken og Historia. Vårt hundreår har sett eit par politiske visjonar som har sett støkk i oss. Meininga med livet må ikkje vere i politikken, det har vi lært. Men kva er det vi vil med samfunnet vårt?

Så er det altså at dei krek seg fram, dei gamle skapningane, religionane, etter å ha levd eit vondt og forjaga liv under moderniteten i hundreår. Også denne gongen ser dødsmeldinga ut til å vere overdriven.

Islam reiser seg i ulike former både her og der. Islam er i framgang. I India, der nasjonens fedre la stor omtanke i å gjere staten verdsleg, er det no ei sterk rørsle i gang for å hinduisere staten, blodet har byrja å renne, misjonærar blir drepne. Hinduismen ser også ut til å vere i framgang.

Men også i vårt land skjer det ting. Svein Tindberg står på scenen og les eit evangelium, og det er uråd å få billettar. No har det same hendt i Stockholm, ved Johan Rabaeus. No les Stina Ekdahl Lukasevangeliet på same måten. Kvar åttande svenske røysta kristent ved siste valet. Noko liknande hende her. Ei av dei store litterære hendingane i England siste hausten var ein del utgåver av bibeltekstar, frå St. James Version, det vakraste språket som er laga.

Lars Linder i Dagens Nyheter har sett på arkivet til Dagens Nyheter og Expressen. Det viser seg at artiklar som nemner Gud, Jesus, kyrkja og Bibelen, er blitt langt fleire siste åra. 40 % fleire enn dei var då dette tiåret byrja. Dagens Nyheter har ein fast teig som heiter "Tro och existens". Og dette er altså den programmessige ateistiske avisa til Herbert Tingsten og Olof Lagercrantz, der Ingemar Hedenius var fast skribent. Dei ville nok ha undra seg, i det minste, om dei såg kva som hender.

Så kan ein undre seg. Kva er det som hender? Er det det grunnleggjande kravet om orden og meining som er ute og går? Var det for kaldt og einsamt å bli Gud? Er det Jesu menneskesyn og sosialetikk som enno ein gong brøytar seg fram, i eit kaldt nyliberalt og nykapitalistisk samfunn?

I alle fall er det ting som tyder på at vi er vitne til noko som kan likne eit uventa comeback, midt i moderniteten. Nokon aggressiv motstand er ikkje å sjå. Fornuften ser ut til å vere svekka og ha problem med sjølvkjensla, slik den har som ikkje har halde lovnadene sine. Fornuften viste oss nye horisontar, men både vi og fornuften gløymde at horisonten er det ein aldri når.

Annonse  
Utgiver: Aftenposten A/S, Oslo, Norge. Telefon +47 22 86 30 00. Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. © Aftenposten.